Sondre Kvambekk

Hils på Sondre, vår mann i nasjonalparkriket.

Sondre driver guideselskapet 500fjell og tilbyr fjellføring både sommar og vinter, samt brekurs, klatrekurs og skredkurs. Med ei sterk glede for natur og høgfjell, og mellom anna alle Noregs fjelltoppar over 2000 meter på merittlista, samt eit firesifra antal fjelltoppar verda over i sekken, er det inga tvil om at dette er ein kar som verkeleg brenn for yrket sitt.

Til dagleg er Sondre basert i Skjåk, med nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen som sine nærmaste naboar.

Uavhengig av base, tek Sondre på seg kurs- og føringsverksomheit innanfor ski og klatring i høgfjellet heile året rundt!

Sondre er ambassadør for Vertical Playground og Toppturing :)

Favoritt ski: Dynafit Blacklight 80

Sko: Dynafit TLT8 Carbonio